top of page

Ny leiar i Hjernerystelsesforeningen Bergen: – Eit fellesskap er viktig for meg


Annette Fadnes er ny leiar i Hjernerystelsesforeningen Bergen og omegn lokallag.

Vi ønskjer henne velkomen som leiar i Bergen, og har bede henne om å seie litt om seg sjølv:

 

Kan du seie litt om bakgrunnen din? 


– Eg skada meg i 2012, på jobb. Har etter det vore gjennom to rundar med AAP, der eg prøvde å jobbe fullt imellom. Eg er no 100 prosent ufør.


Kvifor melde du deg inn i Hjernerystelsesforeningen?


– Eg melde meg inn i Hjernerystelseforeningen då Ingvild Greve danna lokallag i Bergen. Det var fint å ha eit fellesskap og ein plass der det er mogleg å få vita om ny forsking og nye tankar om post commotio symptomar.


Kvifor ønskte du å bli leiar for lokallaget?


– Det å bli leiar var ikkje ein tanke i utgangspunktet, men Ingvild har gjort ein god jobb, og eg ser det som nødvendig at me fortset. Eg var dårleg i mange år, før eg visste at det er "normale" plagar. Eit fellesskap er viktig for meg.


Har du nokre tankar om kva lokallaget skal vere?


– Lokallaget har vore ein plass å møte andre i liknande situasjon og å støtte kvarandre. Det å ha ein trygg arena er hovudmålet. Men òg å hjelpe kvarandre til å finne nye behandlingsmåtar og kva som eventuelt kan hjelpe. Ein sosial plass med forståing for at me ikkje alltid er 100 prosent.

 

 
 
 

Kommentarer


bottom of page